Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
VASSENDGUTANE i Sunnfjordsalen.
Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategori kan vise til. All songen ”rungar” i store haller og på dei store festivalane når bandet spelar. Stikkord er glede, party og eit band som verkeleg inkluderer sitt publikum få fyrste strofe.
Bandet legger stor vekt på kvalitet og det visuelle utrykket. Dei opptrer også 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt. - Og sjølvfølgje slagarane Ungkar Med Dobbelseng, Granada, Hjortejakt og Longt Inne I En Fjord.
Vassendgutane spelar laurdag 24.oktober i Sunnfjordsalen på Sunnfjord Countryrock
NORA LEGRAND har delteke på årets The Voice.
Spelemann nominasjon for beste Country album/Paper Sky, nominasjon i Norsk Amerikana Forum for beste Norske album, ho fekk prisen som Årets Nykommer på FJORDING 25/Norsk Amerikana Forum sin bransjefestival og singel som er A lista på NRK i 25 veker / Wherever she`s running.
Laurdag 25. oktober spelar Nora Legrand med sitt dyktige 4 personars band på Larris scene kl. 21.30 for eit lydhøyrt.
GET RHYTHM med blåsere fredag i Sunnfjordsalen
Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock'n roll kjenneteiknar gutta - og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.
Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.
Fredag 24.oktober spelar Get Rhythm i SUNNFJORDSALEN frå kl. 21.00 til ca. kl. 22.30
Olivia McPeek & The Good Oldtimers er tilbake etter siste års suksessar på Sunnfjord Countryrock, med sine tolkingar av amerikanske og norske coverlåtar innan country-sjangeren.
Bandet er godt erfarne musikarar, presentert frå venstre i bilde:
Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to.
Ole Martin Frimannslund er ein svært godt erfaren trommeslagar
Olivia McPeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.
Steinar Vie spelar rytmegitar, munnspel og syng.
Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar.
Torgrim Rødvik er bassist og vokalist, kjent frå m.a. Honndalen Soul & Funkarlag.
Laurdag 25. oktober spelar dei på Larris scene for eit feststemt publikum.
Steinar Engelbrektson Band i Sunnfjordsalen på Sunnfjord Countryrock fredag 24. oktober.
Steinar Engelbrektson har gjeve ut 12 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 12 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti
Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».
Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel, bass og song) - Tor Ove Sjåstad (trommer) - Sissel Sundby (tangentar, song) – Oddmar Varpe (gitar og lyddesign).
Fredag 24.oktober spelar dei for eit feststemt dansepublikum i Sunnfjordsalen.
Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.
Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon før eller under arrangementet (med Force Majeure menes årsaker som er utenfor Fjordane Musikkforum sin kontroll som arrangøren eller rimeligvis ikkje kunne tatt i betraktning eller å unngå eller overvinne følgene av, eksempelvis, og ikkje uttømmande: krig, opptøyer, terrorisme, større sjukdomsutbrudd, brann, flom, streik, vær, nasjonale sikkerhetspålegg eller instrukser fra nasjonale eller lokale myndigheter.)
Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.
Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringar.
NB: Det blir både filma og fotografert under arrangement
Arrangør: Fjordane Musikkforum med samarbeidspartnarar .
– Fjordane Musikkforum- www.fjordanemusikkforum.no www.facebook.com/fjordanemusikkforum E-post: post@fjordanemusikkforum.no