page view image

SUNNFJORD VINTERFEST 2025

Waterloo - The closest to Abba you ever will get!

Information
event image


Det svenske bandet; WATERLOO A TRIBUTE TO ABBA spelar i Sunnfjordsalen laurdag 15.februar kl.21.30.

Waterloo - The closest to Abba you ever will get!

Med det originale “sounden” og dei riktige kleda tar Waterloo oss med tilbake til nokre av dei største opplevingane i pophistoria! Ta med familie, venner og kollega og la dykk forføre…

I 1999 deltok Waterloo’s Agnetha (Camilla Dahlin) og Frida (Katja Nord) i det kjente svenske showet ”Sikta mot stjärnorna”, og vant konkurransen med deira slåande likskap med ABBA, både i forhold til utsjånad, framføring og sound.

Waterloo har sin base i Stockholm, og starta si karriere i 1996. Dei har med stor suksess turnert i Sverige og Norge med fantastiske show bl.a. i Ibsenhuset (Skien), Olavshallen (Trondheim) og i Drammens Teater.

Dei har også turnert i USA, samt gjort konsertar i London, København, Praha, Thailand med meir. Etter eit show for 10 000 personar i Gent (Belgia) var suksessen eit faktum!

"Det var nok mange som måtte gni seg i øynene to ganger da den velkjente introen til ”Dancing queen” klimpret utover høyttalerne i Drammens Teater i går. For var det ikke Agnethe og Anni-Frid som sto på scenen? (…) Og publikum lot seg villig forlede i halvannen time til å tro at de svenske stjernene var tilbake. Mens ”Mama Mia”, ”Take a chance”, ”Knowing me, knowing you” og alle de andre hitene kom på løpende bånd, sang og klappet folk taktfast til velkjent svensk-engelsk poppoesi."
- Drammens Tidene -

"Svenske Waterloo gjør flott innsats og imiterer ABBA så godt at det rett og slett er deilig å la seg lure." – Telemark Arbeiderblad -

Waterloo A Tribute to Abba fangar den unike ABBA-lyden og følelsen med utroleg merksemd på detaljar av ein full live-besetning og band på 10 personar, fantastiske kostymer og fantastisk koreografi. Dei ikoniske tekstene komponert av Benny og Bjørn synges i fantastisk, fengslande harmoni frå åpningsrefrenget til det siste allsangrefrenget i dette to timer lange spektakulære. Frå ikoniske Waterloo, Mamma Mia og Voulez Vouz og så mye meir, er dette oppsiktsvekkande showet ei oppleving du ikkje bør gå glipp av nokon ABBA-fan. 



VIMENN spelar på Sunnfjord Vinterfest 2025. 

Laurdag 15. februar spelar show og partybandet «ViMenn» opp til dans i Sunnfjordsalen. 

Når Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen, som utgjer duoen Vi2 har behov for å rocke litt med ordentleg trommeslagar og bassist, og det får dei sjansen til det i dette prosjektet. Ole Martin Frimannslund frå Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Frå Hornindal/Førde har dei henta inn Torgrim Rødvik til å spele bass, han har tidlegare spelt i bl.a. Honndalen Soul & Funkarlag og Gilbeys. 

Felles for låtane deira er at dei er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede.

At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Laurdag 15.februar spelar ViMenn opp til dans og allsong med party-musikk i Sunnfjordsalen etter Waterloo-konserten.


KOKKEN TOR klar for Sunnfjord Vinterfest i Førde laurdag 15. februar 2025 på Larris scene. 

 Kokken Tor er eit av Noregs mest populære og etterspurde band til å presentere norsk rock på norsk.

 KOKKEN TOR er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som inneheld det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hit-konsert med låtar frå DumDum Boys, deLillos, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget med fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det "galnaste" og "råaste" norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.

Kokken Tor har medlemar frå Sandane, Stryn, Bremanger og Florø: Vokal/gitar: Torbjørn Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Kristian Roset. Trommer: Åge Nygård. Kokken Tor spelar på Larris scene laurdag 15.februar i Førde.


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet på epost; Sunnfjord@scandichotels.com  eller direkte til resepsjonen på tlf. 57 83 40 45

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. 

Så du er klar til konsertstart. Dørene opnar kl.20.30 til Sunnfjordsalen.   

BILLETTPRISAR: BILLETTSAL FRÅ MÅNDAG 25.NOVEMBER KL.10.00

Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 890.-.  

Billett EARLY BIRD, prisar startar frå kr. 640.- (Avgrensa tal billettar til Early Bird ) 

(Billettprisar inkludert salsgebyr). Aldersgrense 20 år. 


Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil

ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.


Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon før eller under arrangementet (med Force Majeure meinast årsaker som er utenfor Fjordane Musikkforum sin kontroll som arrangøren eller rimeligvis ikkje kunne tatt i betraktning eller å unngå eller overvinne følgene av, eksempelvis, og ikkje uttømmande: krig, opptøyer, terrorisme, større sjukdomsutbrudd, brann, flom, streik, vær, nasjonale sikkerhetspålegg eller instrukser fra nasjonale eller lokale myndigheter.)


BILLETTSAL ER STARTAR MÅNDAG 25.NOVEMBER KL.10.00 PÅ TICKETCO.NO . 

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer. Konserten har unummererte ståplasser.  

Arrangør: Gloppen Musikkforum i samarbeid med Fjordane Musikkforum og Scandic Sunnfjord Hotell og andre samarbeidspartnarar . 

– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum

sunnfjord scandic

Beperkingen

Aldersgrense 20 år.

Afstandsverklaring

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer.