SUNNFJORD COUNTRYROCK 2022

page view image
Arrangementsdato

fredag 28 okt 2022 20:30

Slutter søndag 30 okt 2022 02:00
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone

Tilgjengelige varer

Dagsbillett LAURDAG 2022 EARLY BIRD September
Ordinærpris kr. 850.- Voksen over 20 år. Billett vert innløst i armband ved inngang. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl.20.00 i Larris scene: Hilljacks, Olivia Mcpeek & The Good Oldtimers. Sunnfjordsalen: Vassendgutane
ticket item
Dagsbillett LAURDAG 2022 EARLY BIRD
Ordinærpris kr. 850.- Vaksen over 20 år. Billett vert innløst i armband ved inngang. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.00. Larris scene: Hilljacks, Olivia McPeek & The Good Oldtimers. Sunnfjordsalen: Vassendgutane.
Utsolgt
ticket item
2-DAGERS BILLETT fredag og laurdag 2022 september
Ordinærpris kr. 1090.- Voksen over 20 år. Billett vert innløst i armband ved inngang. Møt opp i god tid - unngå kø. Fredag: Get Rhythm kl.21.30. Laurdag: Vassendgutane, Hilljacks, Olivia Mcpeek & The Good Oldtimers.
ticket item
Dagsbillett FREDAG 2022 Early Bird
Ordinærpris kr.490.- Voksen over 20 år. Billett vert innløst i armband ved inngang. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 i Larris Klubbscene. Get Rhythm kl.21.30
ticket item
2-DAGERS BILLETT fredag og laurdag EARLY BIRD August
Ordinærpris kr.1090.- Voksen over 20 år. Billett vert innløst i armband ved inngang. Møt opp i god tid - unngå kø. Fredag: Get Rhythm. Laurdag: Vassendgutane, Hilljacks, Olivia Mcpeek & The Good Oldtimers.
Utsolgt
event image

Arrangementsinformasjon


SUNNFJORD COUNTRYROCK 2022 PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL I FØRDE

FREDAG 28.OKTOBER, LARRIS SCENE:

Get Rhythm til Sunnfjord Countryrock fredag 28.oktober frå kl. 21.30 på Larris scene.


Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock'n roll kjenneteiknar gutta - og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.

Fredag 28.oktober kl. 21.30 spelar dei på Larris scene.

LAURDAG 29.OKTOBER, LARRIS SCENE OG SUNNFJORDSALEN -  FEST OG DANS I 2 ETASJAR.

VASSENDGUTANE LAURDAG 29.OKTOBER

VASSENDGUTANE er »Originalen av Festcountry».  

Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsongar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikon i Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt. To nye låtar vil kome ut i 2022.

Vassendgutane 2022:

Sindre Aam- Vokal, Bass.

Arthur Johan Bjørdal- Vokal, akk gitar

Ernst Olav Brune-Trekkspel.

Rune Ståle Brautaset- Vokal, akk gitar

Frank Willy Utgård- Elgitar, vokal

Alf-Rune Melby– Steel gitar

Kim Erik Lillestøl- Trommer, vokal


Laurdag 29.oktober spelar Vassendgutane i Sunnfjordalen under årets Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.


HILLJACKS LAURDAG 29.OKTOBER: 


Countrybandet Hilljacks frå Øvre Romerike har storma fram dei siste åra og fått merksemd både det europeiske og det internasjonale countrymiljøet etter fleire spelingar på større festivalar i inn og utland.

Hovudvokalist Karina Kvernes er bandet sin signatur-stemme og har verkeleg satt Hilljacks på kartet, med mellom anna si klokkeklare stemme og sin utrulege versjon av Dolly Partons «I Will Always Love You».

Hilljacks spelar og skrive tradisjonell country og har ei balansert blanding av eigne låtar og kjente coverlåtar.

Hilljacks har gjeve ut albuma «Redneck Blood» og «Country To The Bone»

Samt singlane; «One More Star» , «She’s Back In Town», «Somehow», «Last night/siste natt» , «The cider song» og senast «How was your day» i 2020 som igjen har lege hele 38 veker på engelsk radio’s toppliste.

Bandet har også vore nominert til fleire musikkprisar, både som band og som låtskrivarar, i utlandet og har fleire år vært invitert til å spele i Texas og Georges USA.


OLIVIA MCPEEK & THE GOOD OLDTIMERS spelar laurdag 29.oktober på Larris scene. 

Dei spelar moderne og gamal country med coverlåtar av Kris Kristoffersen, Brad Paisley m.fl.

Bandet er godt erfarne musikarar.

Olivia Mcpeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.

Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to. Vinner stadig musikalske quiz når gjengen er på tur. Skrur etter beste evne også lyden.

Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar. Sper på med ei og anna god historie og utallige vitsar.

Bassist og vokalist er Torgrim Rødvik, kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag og mange år med i dansebandet Gilbeys. Kjent for alltid ha bollar i handlekorga når han handlar inn til tur...

Steinar Vie frå Førde spelar rytmegitar, munnspel og syng.

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er trommeslagar. Ole M har utdanning og er ein erfaren trommis.

Laurdag 29. oktober spelar dei på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.


                                                                                                                                                                Arrangør: Fjordane Musikkforum-


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf 578 340 45 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

BILLETTPRISAR:

Dagsbillett FREDAG: Ordinærpris kr. 490.- .:  Early Bird prisar frå kr. 420.- 

Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 850.-. : Early Bird prisar startar frå kr. 590.- Avgrensa tal billettar til Early Bird. 

2-DAGARS billett, FREDAG og LAURDAG: Ordinærpris kr. 1090.-:  Early Bird prisar startar frå kr. 850.- Avgrensa tal billettar til Early Bird.


Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert.  


Arrangør: Fjordane Musikkforum med samarbeidspartnarar . 


– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum



Restriksjoner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer.

Tags

countryrock
sunnfjord
førde
gunslingers
crashville
getrhythm
stinenilsen
Organizer
Fjordane Musikkforum