SUNNFJORD VINTERFEST 2026
KONSERTAR, FEST og DANS i TO Etasjer - Larris scene og Sunnfjordsalen.

STAGE DOLLS - Eit av Norges mest populære rockband
Over 40 år ut i karrieren kan Stage Dolls vise til ei utroleg reise. Listeplasseringar på Billboard, turnear i USA, fleire hundretusen selde plater, millionar av streams og innlemma i Rockheim Hall of Fame.
Og sist, men ikkje minst: tusenvis av fans over hele landet, som møter opp på konsertane!
Lista med hits er lang, og vi gleder oss til å høyre «Love Don’t Bother Me», «Soldier’s Gun», «Hard To Say Goodbye», «Wings Of Steel» og mange fleire i Sunnfjordsalen!
ROYAL JAM har meldt avbod til Sunnfjord Vinterfest 2026 - Erstatningsbandet er STAGE DOLLS !!

Jukeboks med Jakob og Jørn
To prominente frontmenn i sin beste alder, i eitt og same konsept.
Jørn Trollebø er kjent frå Idol, Allsong på grensa og som ein av dei beste frontmennene i Oslos event og Jam miljø. Det er få menneske i 30-åra med større repertoar eller meir sceneerfaring enn frontmannen Trollebø. Jørns musikalske talent og evner er av det sjeldne og hans folkelege vestlandske framtoning spreiar både glede og engasjement i alle publikum.
Jakob Friis er kjent som ein rykande god gitarist og frontmann i Oslos event og jam miljø. Utdanna ved den prestisjetunge musikkskolen Berklee College of Music i Boston har Jakob sceneerfaring frå USA og ein utruleg formidlingsevne innan klassisk rock, blues og country. Den svært scenevante Friis sin evne til å få med publikum og løfte stemninga med song, publikumsarbeid og gitarspel høyrar sjeldanheitene til.
Som duo er disse to sjarmerande unge mennene dynamitt!
Med Jørns folkelege vestlandsenergi og Jakobs humoristiske veremåte skaper dei god stemning i alle slags lokale. Med ei enorm repertoarliste kan Jukeboks med Jakob og Jørn ta deg tilbake til dine favorittartistar frå dei siste 7 tiåra med alt frå rolege balladar, pop, swing, country, blues, soul, og rock.

This Was My Life
...eit av Nordens beste tributeband til Kim Larsen & Gasolin.
Bandet blei etablert i Bergen i januar 2018 og har med rekordfart blitt eit anerkjent namn mellom publikum og arrangørar i heile Norden. Med tida har etterspørselen blitt enorm, og bandet spelar for tilnærma utselde arenaer Norge rundt. I akustisk setting tar dei deg med på ei herleg musikalsk reise i Kim Larsens liv og leverer det beste av hits frå hans karriere som f.eks. «Papirsklip», «Midt om natten», «This is my life» og «Hva gør vi nu, lille du».
Med danske vokalist og frontfigur, Claus Pedersen i kombinasjon med dyktige og rutinerte musikar kjent frå Bergens musikkmiljø, gjenskapst den eine etter den andre perla med stor innleving og herlege harmoniar. Laurdag 14.februar spelar dei på Larris scene kl. 21.30.

KOKKEN TOR klar for Sunnfjord Vinterfest i Førde laurdag 14. februar 2026 på Larris scene.
Kokken Tor er eit av Noregs mest populære og etterspurde band til å presentere norsk rock på norsk.
KOKKEN TOR er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som inneheld det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hit-konsert med låtar frå DumDum Boys, deLillos, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget med fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det "galnaste" og "råaste" norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.
Kokken Tor har medlemar frå Sandane, Stryn, Bremanger og Florø: Vokal/gitar: Torbjørn Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Kristian Roset. Trommer: Åge Nygård. Gjesteartist Laila Beate Førde. Kokken Tor spelar på Larris scene laurdag 14.februar i Førde.
For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet på epost; Sunnfjord@scandichotels.com eller direkte til resepsjonen på tlf. 57 83 40 45
INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. Så du er klar til konsertstart. Dørene opnar kl.20.30 til Larris scene.
BILLETTPRISAR: BILLETTSAL FRÅ TORSDAG 4.DESEMBER KL.10.00
Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 890.-.
Billett EARLY BIRD,startar frå kr. 590.-
Avgrensa tal billettar til Early Bird - ,kjøp før prisen aukar!
(Billettprisar inkludert salsgebyr). Aldersgrense 20 år.
Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.
Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon før eller under arrangementet (med Force Majeure meinast årsaker som er utenfor Fjordane Musikkforum sin kontroll som arrangøren eller rimeligvis ikkje kunne tatt i betraktning eller å unngå eller overvinne følgene av, eksempelvis, og ikkje uttømmande: krig, opptøyer, terrorisme, større sjukdomsutbrudd, brann, flom, streik, vær, nasjonale sikkerhetspålegg eller instrukser fra nasjonale eller lokale myndigheter.)
BILLETTSAL ER STARTAR TORSDAG 4.DESEMBER KL.10.00 PÅ TICKETCO.NO .
Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt. Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer. Konserten har unummererte ståplasser.
Ståbord og nokre langbord med sitjeplassar inne i Sunnfjordsalen.
Arrangør: Gloppen Musikkforum i samarbeid med Fjordane Musikkforum og Scandic Sunnfjord Hotell og andre samarbeidspartnarar.
– Fjordane Musikkforum- www.fjordanemusikkforum.no www.facebook.com/fjordanemusikkforum
Restriksjoner
Aldersgrense 20 år.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet. Fjordane Musikkforum kan ikkje lastast for force majeure.