SUNNFJORD VINTERFEST 2020

Arrangementsinformasjon

Fjordane Musikkforum presenterer: 

Sunnfjord Vinterfest på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde laurdag 8.februar 2020.   Sunnfjordsalen spelar det engelske tribute-bandet KILLER QUEEN. 

På Larris scene spelar fest og showbandet KOKKEN TOR  

Dørene opnar kl. 21.00 til Larris scene og Sunnfjordsalen.

  

KILLER QUEEN TIL FØRDE LAURDAG 8.FEBRUAR

God nyheit til alle Queen-fans! Engelske Killer Queen kjem til Førde. Dei har turnert i heile verda og er tidlegare kåra til verdas beste tribute-band. Høyr den fantastiske musikken - opplev eit storslagent show med Killer Queen og Patrick Myers som Freddie Mercury.  

Killer Queen med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury er det berre å glede seg til. Ein kveld spekka med Queen sine klassiske hits i denne tribute-førestillinga som er det nærmaste du kan kome eit live Queen-show. Med autentiske instrument, same scenografi og lys, ingen kor eller blåsarar, berre rett og slett Queen slik det var i ”gode gamle dagar”...

Queen er eit av verdas største rockeband – nokon sinne. Sjølv om Queen sine karismatiske vokalist Freddie Mercury døydde i 1991, så lever musikken deira fortsatt i høgste grad. Kven kjenner ikkje hits som: We are the Champions, Bicycle Race, Bohemian Rhapsody, We Will Rock You og Crazy Little Thing Called Love?

Queen filmen Bohemian Rhapsody går sin seiersgang over heile verda og musikken vert spelt mykje på radio.

Killer Queen har turnert i heile verda og er utnemnt til Worldwide Tribute Band of the Year. Konsertane til bandet er så nær du kan kome det ekte Queen!

Laurdag 8.februar 2020 kl.22.00 spelar engelske Killer Queen opp til konsert/fest og show i Sunnfjordsalen under Sunnfjord Vinterfest 2020

Info nettside: https://www.killerqueenonline.com/     https://www.facebook.com/KillerQueenOnline/

KOKKEN TOR

- ein hyllest til norsk rock –


Kokken Tor er eit av Noregs mest populære og etterspurde band til å presentere norsk rock på norsk.

Kokken Tor er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som inneheld det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hit-konsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det "galnaste" og "råaste" norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.

Kokken Tor har medlemar frå Sandane, Stryn, Bremanger og Florø: Vokal/gitar: Torbjørn Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Thomas Lillerovde, Trommer: Jan Otto Hovden / Åge Nygård. Kokken Tor spelar på Larris scene laurdag 8 februar


SPELETIDER SUNNFJORD VINTERFEST 2020:

Kl.21.00 Dørene opnar..

Kl.22.00 Killer Queen, Sunnfjordsalen  (spelar til ca 23.40)

Kl.23.40 Kokken Tor, Larris scene

Kl.02.00 Speleslutt og serveringa stenger i Sunnfjordsalen og Larris scene.

Kl.02.30 Arrangement slutt.


BILLETT INFORMASJON:

Aldergrense 20 år.

Billett kr.490.-  EARLY BIRD - avgrensa tal billettar

Billett kr.530.-  Førehandsal EarlyBird - avgrensa tal billettar.

Billett kr.550.-    Konsertdagen før kl. 21.00 - avgrensa tal billettar.

Eventuelle restbilletter i sal ved inngang laurdag 8.februar frå kl. 21.00 kr. 590.-. Dørene opnar kl. 21.00 Larris/Sunnfjordsalen.

Møt opp tidleg, unngå kø i innsjekk av billettar og armband. Helst minst 30 minutt før konsertstart

Billettsal på www.ticketco.no -   

Tlbod på hotellpakker epost til : Sunnfjord@scandichotels..com  eller telefon 57 84 40 45, direkte resepsjonen bestilling 


Programendringer kan forekomme. Kansellering av artister/band og påfølgende programendringer vil ikke medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gis kun ved avlysning av hele arrangementet. Kjøpte billettar refunderes ikkje. Rett til programendringar

Arrangør: Fjordane Musikkforum i samarbeid med Scandic Sunnfjord Hotel   www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum


sunnfjord
vinterfest
førde
fjordane
scandicsunnfjordhotel
larrisscene
queen
scandic

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje. Rett til programendringar.