page view image

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2024

Informasjon
event image

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2024 PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL I FØRDE

GET RHYTHM.

Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock'n roll kjenneteiknar gutta - og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.

Fredag 25.oktober spelar Get Rhythm dei på Larris scene frå ca kl. 21.30 til ca kl. 23.00 

KRUTTRØYK – ut på tur igjen!   - 

Kruttrøyk spelte på den første Sunnfjord Countryrock i 2003. Vi er svært glade for igjen kunne presentere Kruttrøyk fredag 25.oktober på Larris scene.

Bandet har levert norsk countryrock på dialekt sidan starten av 2000-tallet! Etter at dei i årevis hadde besøkt landet sine store countryfestivalar og konsertscene, tok bandet nokre års pause, men salar no opp for nye sirkusrunde. Etter tre album utgjevingar og 15 millionar streams på digitale plattformer, er bandet klare for å turnere i Norge igjen! Hausten 2023 gav bandet ut to nye låtar, og i 2024 skal Kruttrøyk turnere vårt langstrakte land med sin festglade countrymusikk.

Kruttrøyk er:

Jens P. Dyrdal: Vokal og gitar -  Kim Arin Schei: Gitar  Åge Nygård: Trommer  - Torbjørn Gran: Bass



CRASHVILLE TIL SUNNFJORD COUNTRYROCK LAURDAG 26.OKTOBER 2024.  

Crashville - Eit av Norges mest populære bygdeband kjem frå Ørsta, og har låtar om livet på bygda, traktorar og gamle feite rånebilar. Rett å slett fengande festmusikk.

Med låtar som PØBEL, 30-06, Bygdas Rebell og Fredag mekk og øl feiar dei over landet med allsong og bygdefest-stemning.

Med festlåtar på Ørsta dialekt blei bandet fort ein suksess og har blitt eitt attraktivt konsert og festivalband! Fullehus, turnelista og høg allsong på konsertane er stikkord som går igjen.

Crashville har på mange måtar blitt eit ikon på skikkeleg bygdefest-stemning.

Når karane i Crashville kom ut med singelen «PØBEL», tok det fullstendig av for bandet.

Og med påfølgande musikkvideo filma på det legendariske Esso-taket i Ørsta, rånarane på 80-90 talet sin andre heim, var gjennombrotet eit faktum.

Låta og musikkvideoen fekk massiv merksam blant alle som liker bygdemusikk, og rånarane trykte songen til sitt hjarte. Denne låta om PØBELEN blei bandet sin første store hit, og er ein stor årsak til at Crashville har blitt eit ettertrakta konsert og festivalband!

 

På konsert med Crashville kan du forvente allsong, stor speleglede, stemning som løfter taket og eit show det gnistrar av. Det er berre og la seg rive med!


Dette er gutar som elskar livet på bygda, traktorar og slitne gamle Volvo 240’ar.

Bandet ser på Førde som sin andre heim, og gledar seg vilt til å møte publikum der igjen!

Og når Crashville er ute på vegen i sin kvite turnebuss, er det «Pøblar på tur».. 

Crashville er: Øystein Nybø, Magne Saure, Ståle Dimmen, Even Solheim, Erlend Bjørneset.

Crashville spelar laurdag 26.oktober ca. kl. 23.00 i Sunnfjordsalen fpå Sunnfjord Countryrock  


OLIVIA MCPEEK & THE GOOD OLDTIMERS.

Dei spelar moderne og gamal country med coverlåtar av Kris Kristoffersen, Brad Paisley m.fl.  Bandet er godt erfarne musikarar.

Olivia Mcpeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.

Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to. Vinner stadig musikalske quiz når gjengen er på tur. Skrur etter beste evne også lyden.

Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar. Sper på med ei og anna god historie og utallige vitsar.

Bassist og vokalist er Torgrim Rødvik, kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag og mange år med i dansebandet Gilbeys. Kjent for alltid ha bollar i handlekorga når han handlar inn til tur...

Steinar Vie frå Førde spelar rytmegitar, munnspel og syng. 

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er trommeslagar. Ole M har utdanning og er ein erfaren trommis.

Laurdag 26. oktober frå ca kl. 23.30 spelar dei på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.


Norwegian Eagles hyllar eit av verdas mest kjende og mest seljande band gjennom tidene – THE EAGLES!

Med tribute førestillinga «Take it to the limit – a tribute to the Eagles» tar Norwegian Eagles publikum med på ei reise i heile «hit-katalogen» til The Eagles, frå starten i 1971 og fram til dei nyaste låtane frå 2000-tallet.

Norwegian Eagles har sidan 2015 spelt dette tributeshowet både i Sør- og Nord-Norge for stappfulle hus.

Dette blir sagt om Norwegian Eagles og showet:

«Dette må være de beste Eagles-tolkerne Norge har», «Dem spiller jo Eagles med mer trøkk og entusiasme enn Eagles gjorde selv»

«Denne konserten er utrolig flott og kan anbefales! Topp musikk fra start til mål! Et must for Eagles elskere!»

Laurdag 26.oktober frå ca. kl. 21.30 til ca kl. 23.00  spelar dei på Larris scene under årets Sunnfjord Countryrock


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf. 57 83 40 45 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

BILLETTPRISAR:

Dagsbillett FREDAG: Ordinærpris kr. 690.- .:  Early Bird prisar frå kr. 490.- 

Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 850.-. : Early Bird prisar startar frå kr. 590.- Avgrensa tal billettar til Early Bird i kvar priskategori. Eventuelle restbillettar i ved inngang kr. 850.- 

TO DAGS billett, FREDAG og LAURDAG: Ordinærpris kr. 1190.-:  Early Bird prisar startar frå kr. 990.- Avgrensa tal billettar til Early Bird.


Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil

ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.


Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon før eller under arrangementet (med Force Majeure menes årsaker som er utenfor Fjordane Musikkforum sin kontroll som arrangøren eller rimeligvis ikkje kunne tatt i betraktning eller å unngå eller overvinne følgene av, eksempelvis, og ikkje uttømmande: krig, opptøyer, terrorisme, større sjukdomsutbrudd, brann, flom, streik, vær, nasjonale sikkerhetspålegg eller instrukser fra nasjonale eller lokale myndigheter.)


Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert.  Rett til programendringar. 

NB: Det blir både filma og fotografert under arrangement

Arrangør: Fjordane Musikkforum med samarbeidspartnarar . 

– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum


larrisscene larris scandicsunnfjord scandic fjordanemusikkforum fjordane førde sunnfjord country countryrock vassendgutane getrhythm norwegianeagles kruttrøyk oliviamcpeek eagles

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer.