page view image

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2022

EVENT INFORMATION
event image


SUNNFJORD COUNTRYROCK 2022 PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL I FØRDE

Berre ca. 60 billettar ingen til laurdagen på Larris scene med  Olivia Mcpeek & The Good Oldtimers kl.21.00. Hilljacks ca. kl. 23.30. Vassendgutane kl. 23.00 i Sunnfjordsalen.  

MØT OPP I GOD TID, billett skal scannast og innløysast til armband - så du er klar til konsertstart.


FREDAG 28.OKTOBER, LARRIS SCENE: 

DØRENE OPNAR KL. 20.30

GET RHYTHM til Sunnfjord Countryrock fredag 28.oktober, spelar frå kl. 21.30  til ca. kl.24.00 på Larris scene. 

DJ Strøm spelar  frå kl. 24.00 til 02.00. 


Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock'n roll kjenneteiknar gutta - og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.

Fredag 28.oktober kl. 21.30 til kl.24.00 spelar dei på Larris scene.

DJ Strøm spelar før og etter konserten. Dørne opnar kl. 20.30 . Arrangement slutt kl. 02.00


LAURDAG 29.OKTOBER, LARRIS SCENE OG SUNNFJORDSALEN -  FEST OG DANS I 2 ETASJAR.

VASSENDGUTANE LAURDAG 29.OKTOBER. DØRNE OPNAR KL. 22.00 I SUNNFJORDSALEN. SPELESTART KL. 23.00

VASSENDGUTANE er »Originalen av Festcountry».  

Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsongar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikon i Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt. To nye låtar vil kome ut i 2022.

Vassendgutane 2022:

Sindre Aam- Vokal, Bass.

Arthur Johan Bjørdal- Vokal, akk gitar

Ernst Olav Brune-Trekkspel.

Rune Ståle Brautaset- Vokal, akk gitar

Frank Willy Utgård- Elgitar, vokal

Alf-Rune Melby– Steel gitar

Kim Erik Lillestøl- Trommer, vokal

Laurdag 29.oktober spelar Vassendgutane i Sunnfjordalen under årets Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.


HILLJACKS LAURDAG 29.OKTOBER PÅ LARRIS SCENE FRÅ CA KL. 23.30 TIL 02.00 


Countrybandet Hilljacks frå Øvre Romerike har storma fram dei siste åra og fått merksemd både det europeiske og det internasjonale countrymiljøet etter fleire spelingar på større festivalar i inn og utland.

Hovudvokalist Karina Kvernes er bandet sin signatur-stemme og har verkeleg satt Hilljacks på kartet, med mellom anna si klokkeklare stemme og sin utrulege versjon av Dolly Partons «I Will Always Love You».

Hilljacks spelar og skrive tradisjonell country og har ei balansert blanding av eigne låtar og kjente coverlåtar.

Hilljacks har gjeve ut albuma «Redneck Blood» og «Country To The Bone»

Samt singlane; «One More Star» , «She’s Back In Town», «Somehow», «Last night/siste natt» , «The cider song» og senast «How was your day» i 2020 som igjen har lege hele 38 veker på engelsk radio’s toppliste.

Bandet har også vore nominert til fleire musikkprisar, både som band og som låtskrivarar, i utlandet og har fleire år vært invitert til å spele i Texas og Georges USA.


OLIVIA MCPEEK & THE GOOD OLDTIMERS spelar laurdag 29.oktober på Larris scene. Dørene opnar kl. 20.00. 

Olivia Mcpeek & The Good Oldtimers spelar frå kl. kl. 21.00 til ca. kl. 23.15. 

Dei spelar moderne og gamal country med coverlåtar av Kris Kristoffersen, Brad Paisley m.fl.

Bandet er godt erfarne musikarar.

Olivia Mcpeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.

Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to. Vinner stadig musikalske quiz når gjengen er på tur. Skrur etter beste evne også lyden.

Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar. Sper på med ei og anna god historie og utallige vitsar.

Bassist og vokalist er Torgrim Rødvik, kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag og mange år med i dansebandet Gilbeys. Kjent for alltid ha bollar i handlekorga når han handlar inn til tur...

Steinar Vie frå Førde spelar rytmegitar, munnspel og syng. (ikkje med på bilde over)

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er trommeslagar. Ole M har utdanning og er ein erfaren trommis.

Laurdag 29. oktober spelar dei på Larris scene frå kl. 21.00 til ca kl. 23.15 for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.


                                                                                                                                                                Arrangør: Fjordane Musikkforum-


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf 578 340 45 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

BILLETTPRISAR:

Dagsbillett FREDAG: Ordinærpris kr. 490.- .:  Early Bird prisar frå kr. 420.- 

Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 850.-. : Early Bird prisar startar frå kr. 590.- Avgrensa tal billettar til Early Bird. Eventuelle restbillettar i ved inngang kr. 850.- 

2-DAGARS billett, FREDAG og LAURDAG: Ordinærpris kr. 1090.-:  Early Bird prisar startar frå kr. 850.- Avgrensa tal billettar til Early Bird.


Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert.  


Arrangør: Fjordane Musikkforum med samarbeidspartnarar . 


– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum



countryrock
sunnfjord
førde
gunslingers
crashville
getrhythm
stinenilsen

Restrictions

Aldersgrense 20 år.

Waiver

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer.