page view image

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2024

Information
event image

SUNNFJORD COUNTRYROCK 2024 PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL I FØRDE

GET RHYTHM.

Get Rhythm frå Gausdal dundra inn på festivalscenene, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, Country, blues, og rock'n roll kjenneteiknar gutta - og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash.

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Repertoaret består foreløpig av coverlåtar. Bandet har ein stor forkjærleik for Johnny Cash, og har teke bandnamnet frå ein Cash-låt.

Fredag 25.oktober spelar Get Rhythm dei på Larris scene.

KRUTTRØYK – ut på tur igjen!   - 

Kruttrøyk spelte på den første Sunnfjord Countryrock i 2003. Vi er svært glade for igjen kunne presentere Kruttrøyk fredag 25.oktober på Larris scene. 

Bandet har levert norsk countryrock på dialekt sidan starten av 2000-tallet! Etter at dei i årevis hadde besøkt landet sine store countryfestivalar og konsertscene, tok bandet nokre års pause, men salar no opp for nye sirkusrunde. Etter tre album utgjevingar og 15 millionar streams på digitale plattformer, er bandet klare for å turnere i Norge igjen! Hausten 2023 gav bandet ut to nye låtar, og i 2024 skal Kruttrøyk turnere vårt langstrakte land med sin festglade countrymusikk.

Kruttrøyk er:

Jens P. Dyrdal: Vokal og gitar -  Kim Arin Schei: Gitar  Åge Nygård: Trommer  - Torbjørn Gran: Bass


VASSENDGUTANE, ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY! 100% LIVE

Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategori kan vise til. All songen ”rungar” i store haller og på dei store festivalane når bandet spelar. Stikkord er glede, party og eit band som verkeleg inkluderer sitt publikum få fyrste strofe.

Bandet legger stor vekt på kvalitet og det visuelle utrykket. Dei opptrer også 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt. - Og sjølvfølgje slagarane Ungkar Med Dobbelseng, Granada, Hjortejakt og Longt Inne I En Fjord.

Vassendgutane spelar laurdag 26.oktober i Sunnfjordsalen på Sunnfjord Countryrock  


OLIVIA MCPEEK & THE GOOD OLDTIMERS.

Dei spelar moderne og gamal country med coverlåtar av Kris Kristoffersen, Brad Paisley m.fl.  Bandet er godt erfarne musikarar.

Olivia Mcpeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.

Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to. Vinner stadig musikalske quiz når gjengen er på tur. Skrur etter beste evne også lyden.

Einar Jakobsen synger også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar. Sper på med ei og anna god historie og utallige vitsar.

Bassist og vokalist er Torgrim Rødvik, kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag og mange år med i dansebandet Gilbeys. Kjent for alltid ha bollar i handlekorga når han handlar inn til tur...

Steinar Vie frå Førde spelar rytmegitar, munnspel og syng. 

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er trommeslagar. Ole M har utdanning og er ein erfaren trommis.

Laurdag 26. oktober spelar dei på Larris scene for eit feststemt dansepublikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.


Norwegian Eagles hyllar eit av verdas mest kjende og mest seljande band gjennom tidene – THE EAGLES!

Med tribute førestillinga «Take it to the limit – a tribute to the Eagles» tar Norwegian Eagles publikum med på ei reise i heile «hit-katalogen» til The Eagles, frå starten i 1971 og fram til dei nyaste låtane frå 2000-tallet.

Norwegian Eagles har sidan 2015 spelt dette tributeshowet både i Sør- og Nord-Norge for stappfulle hus.

Dette blir sagt om Norwegian Eagles og showet:

«Dette må være de beste Eagles-tolkerne Norge har», «Dem spiller jo Eagles med mer trøkk og entusiasme enn Eagles gjorde selv»

«Denne konserten er utrolig flott og kan anbefales! Topp musikk fra start til mål! Et must for Eagles elskere!»

Laurdag 26.oktober spelar dei på Larris scene under årets Sunnfjord Countryrock


For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf. 57 83 40 45 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Larris Scene.   

BILLETTPRISAR:

Dagsbillett FREDAG: Ordinærpris kr. 690.- .:  Early Bird prisar frå kr. 490.- 

Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 850.-. : Early Bird prisar startar frå kr. 590.- Avgrensa tal billettar til Early Bird i kvar priskategori. Eventuelle restbillettar i ved inngang kr. 850.- 

TO DAGS billett, FREDAG og LAURDAG: Ordinærpris kr. 1190.-:  Early Bird prisar startar frå kr. 990.- Avgrensa tal billettar til Early Bird.


Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert.  

NB: Det blir både filma og fotografert under arrangement

Arrangør: Fjordane Musikkforum med samarbeidspartnarar . 

– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum


Restrictions

Aldersgrense 20 år

Waiver

Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringer.