SUNNFJORD COUNTRYROCK 2026
Sunnfjord Countryrock med Gunslingers, Get Rhythm, Folk Flest, In every way EAGLES, Kruttrøyk og Olivia McPeek & The Good Oldtimers.

Gunslingers til Sunnfjord Countryrock i Førde laurdag 24 oktober.
Gunslingers har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypparste kvalitet. Dei har oppnådd ein rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platinatrofé og fått æra av å spele på fleire hundrevis av utselde arrangement.
Bandet reiser med mellom anna LED-skjerm, flammer og diverse effektar, som gjer at showet skilje seg ut ifrå mengda og gjev publikum ein unik konsertoppleving. Bak vokalist og låtskrivar Frode Måkestad, står ei rekke med anerkjente norske musikarar - ingen ringare enn: Tore Mæhle (Bass), Frode Andreassen (Trommeslagar), Dag Wolf (Steel gitar), Jan Ove Johansen (Gitar) og Nikolai Storevik (Fele). Bandet fokuserer på ekte speleglede og musikalsk kvalitet. Playback og tracks er banning i kyrkja for denne gjengen
På konsertane med Gunslingers vil publikum få servert eit fullspekka show. Kjemien mellom scena og publikum er unik og det er ingen tvil om at desse karane var laga for å opptre på scena. Det å være på konsert med Gunslingers kan opplevast som eit ordentleg serotonin tilskot og ikkje minst - det gjev deg eit minne du seint (eller aldri) vil gløyme.
Laurdag 24.oktober spelar dei i Sunnfjordsalen for eit feststemt publikum under Sunnfjord Countryrock i Førde.

In every way EAGLES
Dette er den beste EAGLES tribute i Norden. Ein konsert med dette bandet er ein ren og autentisk hyllest til supergruppa Eagles.
«In every way EAGLES» er en kraftsalve av en hyllest til Eagles legendariske tidløyse countryrock. Det er alle hitene med de massive kor-harmoniane som kjenneteiknar Eagles, og som gjorde bandet så unik. «In every way EAGLES» løyser dette med fire hovud vokalistar i front. Og kva anna band har så legendariske gitarsoloar som i "Hotel California", "One of these nights" og "Life in the fast lane" ? Bandet stillar med eit par av landet sine beste gitaristar med internasjonale priser og ein Norske Talentar vinnar på laget. Gutane har vore på Noregsturné i 2024/2025. NRK var til stede og laget reportasjar til både TV-nyheitene, nett, radio og Norge Rundt.
Alle EAGLES sine største hits blir tolka med herleg speleglede og så nært autentisk mot originalen som mogleg! …"Peaceful easy feeling", "Take it Easy", "The Long Run", "New kid in town", "Take it to the limit"... Bandet som er TIDENES mestseljande føre gigantar som Beatles, Led Zeppelin, Pink Floyd og ABBA.
Denne hyllinga er ikkje tilfeldig, då tre av gutane hadde suksess med Young Eagles då dei var berre 13-15 år gamle. Dei fekk fleire hundretusen video-streams som førte til TV reportasje på NRK, samt at dei spelte for fulle hus i heile midt Norge.
In every way EAGLES hyller Eagles med stor respekt og stillar med følgande mannskap:
Odin Landbakk. Gitar/vokal/pedalsteel/keys (vinner Norske Talentar/Young Eagles)
Daniel Granum Vokal/gitar/keyboards (The Voice/soloartist)
Jonas Paulsen, Vokal/gitar/keys (Soloartist/Great Tide)
Haakon Landbakk, Bass/vokal (Soloartist/Union Bluescup vinner/Young Eagles)
Marcus Flemmen, Gitar/keyboards/vokal (Young Eagles/Odin Landbakk band)
August Cancino, Trommer/vokal (Union Bluescup vinner/soloartist)
Andreas Utne Friestad. Gitar/vokal/keys (Vrakfeber/Great Tide)
Per Haarr Vokal/gitar/keyboards (Soloartist/Vrakfeber)
Laurdag 24.oktober kl.21.00 spelar bandet på Larris Scene

Get Rhythm hadde stor suksess på Sunnfjord Countryrock, med sin unge og kompromisslause driv av rockabilly, country, blues og rock'n roll.
Med ein sterk forkjærleik for legenda Johnny Cash, er det ikkje rart dei har namnet etter ein kjend Cash-låt: Get Rhythm er på plass med ekte countrystemning! Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke.
Medverkande:
Martin Øvstehage – vokal, gitar
Erlend Trinerud Rognlien – gitar
Erik Sverre Engeland – gitar
Kjetil Andre Jensen – bass
Sondre Staum – trommer
Fredag 23 oktober kl.21.00 spelar dei i Sunnfjordsalen.

Folk Flest til Sunnfjord Countryrock
Den populære Lustragruppa «Folk Flest» kjem til Sunnfjord Countryrock fredag 23.oktober med sin country- og irskinspirerte musikk, som er garanti for gåsehud, rockefot og høg allsongfaktor!! Med Sogn si eiga songstjerne, Einar Bolstad, i front, får publikum høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidsepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, i spedd norske perler.
Folk Flest.
Einar Bolstad: song, akk. Gitar, piano.
Renate Skophamar Stuppelshaug: song, akk. Gitar.
Mathilde Skjæret: fele, kor.
Tor Magne Kvamsdal: steelgitar, mandolin, el.gitar.
Lars Berge Pedersen: el.gitar, akk.gitar.
Jan Frode Hellebø: bass.
Arve Lomheim: trommer.
Fredag 23. oktober spelar dei i Sunnfjordsalen for eit feststemt publikum.

Kruttrøyk – ut på tur igjen!
Kruttrøyk har levert norsk countryrock på dialekt sidan starten av 2000-tallet! Etter at dei i årevis hadde besøkt landet sine store countryfestivalar og konsertscene, tok bandet nokre års pause, men salar no opp for nye sirkusrunde. Etter tre album utgjevingar og 15 millionar streams på digitale plattformer, er bandet klare for å turnere i Norge igjen! I combacket gav bandet ut to nye låtar som er å høyre på spelelister landet rundt, og i 2026 skal Kruttrøyk turnere vårt langstrakte land med sin festglade countrymusikk.
Bandet har sidan starten i 2000 gjeve ut 3 album og delteke på ein rekke samlealbum innan countryrock og dans med sine låtar. På den tida der NRK Dansefot var på sitt mest populære på tv skjermen hadde Kruttrøyk fleire låtar som surra og gjekk jamt og trutt etter å blitt stemt fram av sitt trufaste publikum. Med andre ord, Kruttrøyk er eit populært band som har knyta til seg ein god tilhengjarskare gjennom lang og tru teneste på scena!
Kruttrøyk er:
Jens P. Dyrdal: Vokal og gitar
Kim Arin Schei: Gitar
Åge Nygård: Trommer
Torbjørn Gran: Bass
Erlend Baugstø: Steelgitar
Laurdag 24.oktober spelar dei eit feststemt publikum i Sunnfjordsalen.

Olivia McPeek & The Good Oldtimers er tilbake etter siste års suksessar på Sunnfjord Countryrock, med sine tolkingar av amerikanske og norske coverlåtar innan country-sjangeren.
Bandet er godt erfarne musikarar, presentert frå venstre i bilde:
Agnar Gjelsvik er gitarist og vokalist, og liker å slenge ut ein solo eller to.
Ole Martin Frimannslund er ein svært godt erfaren trommeslagar
Olivia McPeek frå Nashville/Førde spelar fele og har vore profesjonell musikar i Amerika.
Steinar Vie spelar rytmegitar, munnspel og syng.
Einar Jakobsen syng også, samt trakterer tangentar, trekkspel og akustisk gitar.
Torgrim Rødvik er bassist og syng, kjent frå m.a. Honndalen Soul & Funkarlag.
Laurdag 24. oktober spelar dei på Larris scene.
BILLETTPRISAR:
Dagsbillett FREDAG: Ordinærpris kr. 690.- .: Early Bird prisar frå kr. 540.- Avgrensa tal billettar til Early Bird i kvar priskategori. Eventuelle restbillettar i ved inngang
Dagsbillett LAURDAG: Ordinærpris kr. 890.-. : Early Bird prisar startar frå kr. 640.- Avgrensa tal billettar til Early Bird i kvar priskategori. Eventuelle restbillettar i ved inngang
TO-DAGARS billett, FREDAG og LAURDAG: Ordinærpris kr.1290.-: Early Bird prisar startar frå kr.1040.- Avgrensa tal billettar til Early Bird.
!! KJØP FØR PRISANE STIG!!!
Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.
Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Rett til programendringar.
NB: Det blir både filma og fotografert under arrangement
Arrangør: Fjordane Musikkforum med samarbeidspartnarar.
– Fjordane Musikkforum- www.fjordanemusikkforum.no www.facebook.com/fjordanemusikkforum E-post: post@fjordanemusikkforum.no
Restrictions
Aldersgrense 20 år
Waiver
Kjøpte/tapte billettar vert ikkje refundert. Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Fjordane Musikkforum kan ikkje lastast for force majeure.