SUNNFJORD COUNTRYROCK 2017 - FREDAG og 2-Dagsbillett

Arrangementsinformasjon
Default file 1492708367



SUNNFJORD COUNTRYROCK 2017 PÅ SCANDIC SUNNFJORDHOTEL I FØRDE



FREDAG 27.OKTOBER:

Fri Flyt til Sunnfjord Countryrock fredag 27. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. 


Fri Flyt er eit countryband frå Lavikdal som vart starta opp i mai 2013 og kom med albumet «I Kulissar Av Natt» i mars 2015. Ei blanding sjølvskrivne låtar med humoristiske tekstar, fart og rytme i melodiane, til dei meir rolige, harmoniske.

I oktober same året ga vi ut singelen «Heim Frå Breim», som gjev eit bilde på muntre festivalsomrar.

Albumet nummer to «Neste Post» vart utgjeve i oktober 2016, med 13 låtar som også er eigenproduserte. Ut frå ein av låtane på albumet vart det spelt inn musikkvideoen «Lausdrift». Videoen fekk stor merksemd både på Facebook, Youtube og Spotify og nærmar seg 500.000 avspelingar på ulike mediar. Før jul 2016 gav Fri Flyt ut singelen « Eit Snøfall».

FriFlyt er: Malvin Rysjdal (vokal, trekkspel), Even Solheim (gitar), Wenche Liljedal (trekkspel), Dan Mikael Ripe Frøystad.(steel-gitar).

Fri Flyt er til spelinga på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 27 oktober forsterka med rytmeseksjonen til Gunslingers, Jostein Fonnes på bass og Frode Andreassen på trommer.


Crashville til Sunnfjord Countryrock fredag 27.oktober.

2017 er eit 10 års jubileums år for gutane og etter kvart, jentene i Crashville! Dette er eit band med stayerevne som har halde det gåande for fullt både på turne og platefronten desse åra. Dei kan skilte med å ha spelt på alle dei største countryfestivalane i Norge og fanskaren er større enn nokon gong. Hundretusenvis av spelingar på Spotify er også med på å halde trykket oppe mens dei no i 2017 har vært i studio og spilt inn ei rekke nye låtar som vil bli slept som singlar utover hausten I tillegg til eit knippe gode countryrock slagarar frå andre artistar, leverar Crashville rotekte countryrock frå Ørsta med god publikumsappell og dansetakt!

Crashville består av:
Svein Ivar Holen: vokal og ak.gitar
Øystein Nybø: Trommer
Hans-Christian Humberset: El.gitar.
Tom Andre Holen: Bass
Kristiane Runde: Fele
Linda Karin Eidem: Vokal/Kor

Crashville spelar på den nye Larris-klubbscena fredag 27 oktober under Sunnfjord Countryrock.


Poor Boys CC Revival Band til Sunnfjord Countryrock fredag 27 oktober.

The Poor Boys CC Revival Band omtalas av arrangørar og fans som Noregs råaste Creedence tribute band. Bandet har base i Bergen og turnerar Sør-Norge på kryss og tvers. Spelejobbar varierer frå store festivaljobbar som Seljordfestivalen, dansefestar, pubjobbar til musikklubbar. Creedence er tidlaus musikk som når dei fleste uansett om ein likar country, blues og rock'n roll. I 2016 delte The Poor Boys CC Revival Band scene med storheter som Nazareth og Bellamy Brothers.

The Poor Boys har ivareteke sjela i Creedence musikken. Bandet spelar med stor intensitet og med ein ærlegheit som gleder alle Creedence hjerta. John Fogerty ville utvilsamt vore svært fornøgd etter ein kveld med The Poor Boys CC Revival Band.

Medlemmer i The Poor Boys CC Revival Band er: Karl Henrik Svensson (gitar/vokal), Hans Tore Hansen (bass/vokal), Tormod Kayser (trommer) og Helge Laastad (gitar).



For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet mail Sunnfjord@scandichotels.com  eller  på tlf 578 340 00 resepsjonen

INFO KONSERTDAG: Billett vert scanna ved inngang og innløyst i armband. Møt opp i god tid - unngå kø. Dørene opnar kl. 20.30 til Barthold Bar. -   

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt. Bilett fredag i førehandssal kr. 420.- Ved inngang kr. 450.- 

2-dagsbillett fredag og laurdag i førehandsal kr. 790.- Ved inngang kr. 830.- 


Arrangør Fjordane Musikkforum i samarbeid med Scandic Sunnfjord Hotel.


– Fjordane Musikkforum-    www.fjordanemusikkforum.no       www.facebook.com/fjordanemusikkforum


countryrock
sunnfjord
førde

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje. Rett til programendringer.